Utveksling

Kvart år reiser nokre elevar på utveksling til utlandet i vg2 etter eit år på KKG i vg1. Dei har muligheit til å komme rett inn i vg3 etter skoleåret i utlandet.  

Godkjenning av vg2 frå utlandet

For at året som utvekslingsstudent skal kunne inngå som fullverdig år på vitnemålet her i Noreg, må året i utlandet vere bestått i sin heilskap. Når du kjem tilbake til KKG, må du leggje fram vitnemål/karakterutskrift og fag-/læreplanar frå skolen din i utlandet slik at vi kan sjå om faget/faga derfrå kan bli godkjent som Vg2-fag. Godkjenning av Vg2 i utlandet blir ikkje gitt før vi har mottatt dokumentasjon frå utlandet.
Søk godkjenning og last opp dokumentasjon her.

Tar du eit utvekslingsår må følgande derfrå vere bestått:

  • Matematikk tilsvarande minimum 2P (praktisk matematikk).
  • 2. framandspråk I eller II. (Elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskolen må ha nivå II)
  • Tre programfag der to av dei kan bli bygd vidare på. Du må velje eit programområde før du drar. Innanfor dette programområdet må du velje to programfag som du skal bygge vidare på i Vg3. 
  • Du må sjølv lese Vg2 norsk og historie.

Avsluttande fag på Vg2 må altså vere dekka i utlandet, men viss du likevel manglar fag må du ta desse som privatist i hausthalvåret i Vg3. Det same gjeld om du manglar dokumentasjon på Vg2-kursea eller av at dei av ulike årsaker ikkje blir godkjent.

Inntak til Vg3:

  • Du må sjølv søke om skoleplass på Vg3 gjennom Inntakskontoret (vigo.no). Søknadsfristen er 1. mars.
  • Du må følge alle fag på Vg3 når du kjem tilbake til Noreg.

Dokumentasjon for fullført og bestått skoleår i utlandet må bli lagt ved det norske vitnemålet for at dette skal vere gyldig.

Alternativ:

Det er sjølvsagt også muleg å ta eit fullgodt skoleår i utlandet som eit "friår" etter vg1 og så begynne i vg2 når ein er tilbake på KKG. Fordelen er at ein står friere til å kunne velje fag og interesser i utlandet i og med at det ikkje vil påverke inntaket til vg2, samtidig som ein kan få betre samanheng i programfag og fagleg fordjupning ved å ta både vg2 og vg3 samanhengande her i Noreg. 

Har du fleire spørsmål?

Spør oss om utveksling

Aktuelle lenker:

Mer utfyllende informasjon fins i rundskriv (oppdatert november 2020):
Udir-6-2012 Godkjenning av tidligere bestått videregående opplæring i Norge og utlandet

Privatistportal