KUNNSKAP — På KKG kan du vente høg fagleg og pedagogisk fokus og kvalitet på opplæringa, noko som gir deg eit godt utgangspunkt for å lære. Internasjonaliseringsarbeid og samarbeid med næringsliv og idrettsklubbar er ein del av verksemda til skolen.
KULTUR — Skolens kulturarv er vi stolte av. Beatkunst frå Wennesland-samlinga og annan kunst pregar rom og korridorar. Den historiske boksamlinga og merkantilt museum er andre kulturskattar. På KKG finn du også aktive råd og utval som deltar i utviklinga av skolen. Innslag av musikk, dans og drama på tvers av elevgruppene, er andre kulturelle tiltak ved KKG.
GLEDE — På KKG har du ein rett til å ha det bra og trivast. Det meiner vi å gjere ved å fokusere på å skape gode læringsmiljø, både i og utanfor klasserommet. Elevkantina og biblioteket blir brukt som sosiale samlingsstader, men er også populære stader for individuelt arbeid og samarbeid..