Visjonen vår indikerer eit ønske om at du skal utvikle deg både fagleg, personleg og sosialt medan du er hos oss, anten du er elev eller tilsett.
KUNNSKAP—KULTUR—GLEDE er verdiar vi ønsker at skolen skal bli assosiert med.
KUNNSKAP — På KKG kan du vente høg fagleg og pedagogisk fokus og kvalitet på opplæringa, noko som gir deg eit godt utgangspunkt for å lære. Internasjonaliseringsarbeid og samarbeid med næringsliv og idrettsklubbar er ein del av verksemda til skolen.
KULTUR — Skolens kulturarv er vi stolte av. Beatkunst frå Wennesland-samlinga og annan kunst pregar rom og korridorar. Den historiske boksamlinga og merkantilt museum er andre kulturskattar. På KKG finn du også aktive råd og utval som deltar i utviklinga av skolen. Innslag av musikk, dans og drama på tvers av elevgruppene, er andre kulturelle tiltak ved KKG.
GLEDE — På KKG har du ein rett til å ha det bra og trivast. Det meiner vi å gjere ved å fokusere på å skape gode læringsmiljø, både i og utanfor klasserommet. Elevkantina og biblioteket blir brukt som sosiale samlingsstader, men er også populære stader for individuelt arbeid og samarbeid.