Makkerskap på KKG

Kollegialt samarbeid i eit godt og trygt læringsmiljø.

Når du begynner i vg1 på KKG blir du automatisk med på ei makkerordning. Makkerskapa og makkergruppene er utgangspunktet for fagleg og sosialpedagogisk arbeid i klassen. 

Bilde av to elever ved et bord sett ovenfra - Klikk for stort bildeMakkerpar

Makkerpar fordi 

  • eleven skal oppleve at KKG er ein inkluderande skole for alle
  • alle får bidra positivt inn i felleskapet
  • det skaper ein mjuk overgang frå ungdomstrinn til vidaregåande skole 
  • elevane raskt blir kjent med fleire i klassen 
  • det motverkar einsemd og utanforskap 
  • det skaper eit tett og trygt klassemiljø tidleg 
  • det skaper gode arbeidsrelasjonar som aukar læringstrykket 
  • det aukar den sosiale kompetansen til elevane

Slik gjer vi det 

  • Klassen blir delt inn i par (makkerpar) frå første dag 
  • Kvart makkerpar inngår i ei gruppe med eit anna makkerpar - og utgjer ei makkergruppe
  • Makkerpara og – gruppene held saman i tre veker  
  • Makkerperioden varer i minst 9 veker
  • Alle lærarane i klassen er med på ordninga. Programfagsgruppene i vg2 ST er også med på makkerskap

I praksis:

  • Makkerane sit ved sidan av kvarandre i klasserommet i alle fag kor det er heil klasse.
  • Makkerar helsar på kvarandre når dei treffest, spør kvarandre om korleis helga har vore
  • Makkerar er merksame på om den andre trivast. Har makkeren nokon å vere saman med i friminutta? Viss eleven er bekymra for makkeren sin skal han/ho melde frå til ein lærar
  • Makkerar eller makkergrupper jobbar saman ved samarbeid i timen, og kan samarbeide om leksene
  • Makkerar er ansvarlege for å ta notat eller gi vidare utdelte ark til kvarandre viss ein er borte i timen.
  • Elevane som er med å dette i år melder tilbake at dei er veldig nøgde med å få vere med på ei slik makkerordning.