Kollegialt samarbeid i eit godt og trygt læringsmiljø.
Når du begynner i vg1 på KKG blir du automatisk med på ei makkerordning. Makkerskapa og makkergruppene er utgangspunktet for fagleg og sosialpedagogisk arbeid i klassen.
Makkerpar Makkerpar fordi
- eleven skal oppleve at KKG er ein inkluderande skole for alle
- alle får bidra positivt inn i felleskapet
- det skaper ein mjuk overgang frå ungdomstrinn til vidaregåande skole
- elevane raskt blir kjent med fleire i klassen
- det motverkar einsemd og utanforskap
- det skaper eit tett og trygt klassemiljø tidleg
- det skaper gode arbeidsrelasjonar som aukar læringstrykket
- det aukar den sosiale kompetansen til elevane
Slik gjer vi det
- Klassen blir delt inn i par (makkerpar) frå første dag
- Kvart makkerpar inngår i ei gruppe med eit anna makkerpar - og utgjer ei makkergruppe
- Makkerpara og – gruppene held saman i tre veker
- Makkerperioden varer i minst 9 veker
- Alle lærarane i klassen er med på ordninga. Programfagsgruppene i vg2 ST er også med på makkerskap
I praksis:
- Makkerane sit ved sidan av kvarandre i klasserommet i alle fag kor det er heil klasse.
- Makkerar helsar på kvarandre når dei treffest, spør kvarandre om korleis helga har vore
- Makkerar er merksame på om den andre trivast. Har makkeren nokon å vere saman med i friminutta? Viss eleven er bekymra for makkeren sin skal han/ho melde frå til ein lærar
- Makkerar eller makkergrupper jobbar saman ved samarbeid i timen, og kan samarbeide om leksene
- Makkerar er ansvarlege for å ta notat eller gi vidare utdelte ark til kvarandre viss ein er borte i timen.
- Elevane som er med å dette i år melder tilbake at dei er veldig nøgde med å få vere med på ei slik makkerordning.