Erik-Anant Stedjan Narayan frå 1sti har vunne skrivekonkurransen til Amnesty International. Emnet var ”Makt forplikter”, og alle under 18 år kunne delta i konkurransen. Erik-Anant har skrive eit flott dikt om makt på nynorsk, og juryen blei tydeleg imponert. Diktet skal bli publisert i desemberutgåva av Q barnekultur og vil bli lese opp på utstillinga Shitty Cities i Oslo før jul. Vi gratulerer!

Her er diktet som gav Erik-Anant  førstepremie. 
MAKT FORPLIKTAR

Eg har teikna eit bilete i grusen
Eit bilete verd fleire tusen
Eit bilete så stort og så flott
Teikna med min eigen tommeltott

Men så kjem regnet inn
Og skyld bort kunsten min
Eg blir ståande kor biletet ein gong har vore
Kvifor er sakna mine så store?

For langt der ute står han
Og kviler ikkje det grann 
Han øydelegg vår vakre luft
Eg kan lenger ikkje minnast di duft

Dei kjem frå eit land langt mot nord 
Eit land med fjell og fjord
Kor maten kjem på store fat
Mens vi her berre har vondskap og hat

Dei pumpar opp det svarte gull
Og dreg av garde med tanken full
Dei tenkjer ikkje på oss her i sør
Her kor vi græt, kjempar og blør

Hadde dei berre gått ned frå si trone
Og teke av seg si skitne krone
Da hadde dei sett korleis verda er
Og kva for ei pinefull sorg eg ber

For alt har dei teke ifrå oss
Våre bønner og rop til tross
Ingenting er som det ein gong var
Eg er ikkje lenger far
Lærer og elev
En fornøyd norsklærer, Vibeke Lauritsen, sammen med Erik-Anant

av Lauritsen, Vibeke, publisert 24. september 2013 | Skriv ut siden