SKRIVEKONKURRANSE OM SPRÅK OG DEMOKRATI

Kristoffer Bjørnøy Weaver (18) i 3iba ved Kristiansand katedralskole Gimle fekk andreplassen i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett om språk og demokrati med dette innlegget.

Elin Pavljuk i Pre-IB fekk heider av juryen i den same konkurransen, og de kan lese begge tekstane her.

Vi gratulerer!

Språket får for lite merksemd i demokratibygginga

No som Robert Mugabe har gått av som president i Zimbabwe kan ein håpe vone at lingvistane får moglegheit til å fullføre arbeidet sitt med å få eit velfungerande skriftspråk i landet.
KRISTOFFER BJØRNØY WEAVER

Den demokratiske styreforma er blitt stadig viktigare for dagens verdssamfunn. Folkemedverknad og ei fri presse blir sett på som sentrale område for å løyse utfordringar knytt til krig og konfliktar. Trass i dette får språket altfor lite merksemd i arbeidet med å fremje utvikling og demokrati. Zimbabwe er eit land som har store problem med både språket og det politiske systemet, noko som går hardt ut over levestandarden til befolkninga. Med over 14 minoritetsspråk har det vore eit skrikande behov for eit samla skriftspråk for ein solid akademisk og samfunnsmessig språkbruk. I arbeidet med dette har norske språkforskarar vore sentrale for å innhente språkdokumentasjon og lage standardar på grunnlag av situasjonen i landet. Og til grunn for alt dette arbeidet ligg Ivar Aasens engasjement for eit samla norsk skriftspråk med bakgrunn i dei norske dialektane.

Tidleg på 90-talet innleidde Universitet i Oslo eit samarbeid med Universitet i Zimbabwe. Med eit samansett språkbilde i det afrikanske landet har morsmålsarbeidet vore viktig for lingvistane som har delteke i prosjektet, og har bidratt til auka kunnskapar på både norsk og zimbabwisk side. Blant anna har ALLEX-prosjektethjelpt befolkninga i Zimbabwe få språkreiskapar slik som ordbøker og andre verkemiddel, medan norske forskarar har brukt røynslene til sitt arbeid rundt Norsk Ordbok og handordbøker. Behovet for ein meir oversiktleg språksituasjon i Zimbabwe er openberr. Kolonibakgrunnen kjem til syne gjennom engelsken som fungerer som administrasjons- og undervisningsspråk samstundes som Shona og Ndebele er hovudspråka i landet. Fram til samarbeidet fanst det ingen eittspråksordbøker, men heller tospråksordbøker til og frå engelsk. Dette er til liten nytte for ei befolkning som har ein enormt stor språkvariasjon. I den gjeldande grunnlova er i tillegg alle minoritetsspråka offisielt godkjende språk, samstundes som universitetet er økonomisk og politisk pressa frå styresmaktane i landet. Med andre ord er det liten støtte frå regjeringa for å få ein velfungerande språksituasjon som legg til rette for ei betre framtid.

Kvifor er det så viktig med eit godt språkgrunnlag i land der styresmaktane ikkje speler på lag med akademikarane og befolkninga elles? Det er fordi språk og demokrati er to konsept som er nært knytt opp mot kvarandre. «Folk som ikkje får uttrykt seg med ord og argument i den offentlege samtalen, kan seiast å mangle ein synleg identitet og ei stemme. Dei blir usynlege – stundom så lenge at konfliktar og vald vert resultatet,» har hovudredaktør for Norsk Ordbok, Oddrun Grønvik uttala. I USA har det blitt tydeleg kva for ei kritisk rolle den frie media speler i eit demokrati, og korleis dei tallause angrepa frå president Trump på media utfordrar dette. Og ein treng ikkje sjå lenger enn til dei store riksavisene her i Noreg for å sjå at faktasjekking og ei kritisk røyst har fått ein meir sentral plass i det moderne demokratiske samfunnet. Dette viser kor viktig det er med eit godt språkgrunnlag for å legge til rette for demokrati og gode levevilkår, men korleis kan ein gjøre det i eit land som Zimbabwe? Her kjem gode norske røynsler og Ivar Aasens banebrytande innsats inn. Dokumentasjon- og standardiseringsmetodar tufta på Aasens historie frå 1840-talet er uvurderlege både når norske lingvistar skal arbeidde med normeringsspørsmål og når Zimbabwe skal forsøkje å danne eit samlande og felles skriftspråk. Akkurat som Aasen var ein viktig del av den norske nasjonsbygginga og draumen om ein sjølvstendig nasjon, er Zimbabwes språkarbeid starten på ei lysare framtid og eit meir demokratisk samfunn.

Ivar Aasens arbeid er framleis i høgaste grad svært relevant for dagens samfunn. No som Robert Mugabe har gått av som president i Zimbabwe kan ein håpe vone at lingvistane får moglegheit til å fullføre arbeidet sitt med å få eit velfungerande skriftspråk. På den måten kan ein legge betre til rette for at den zimbabwiske befolkninga har ei betre framtid føre seg, med god hjelp av ein klok, norsk mann.

Kjelder:

http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2013/10/monsterbruk-av-norsk-malmal-i-zimbabwe.html

https://www.uniforum.uio.no/nyheter/2002/12/redder-morsmaalene-i-zimbabwe.html

http://www.edd.uio.no/allex/what%20is.html

https://snl.no/Ivar_Aasen

 

Er nynorsk viktig for demokratiet her i Noreg?

«Vi må halde fram med å auke den språklege toleransen og respekten for vi har for nynorsk», skriv Elin Lislevand Pavljuk (16).
Elin Lislevand Pavljuk (16)
ELIN LISLEVAND PAVLJUK (16)

Ivar Aasen er kjend som mannen som skapte eit heilt nytt skriftspråk, nemleg nynorsk. På 1800-talet var den norske offentlegheita prega av ein aktiv språkdebatt, der det gjaldt å forme eit eige norsk skriftspråk, og Ivar Aasen tok saka i eigne hendar. Han meinte at Noreg trong eit nytt norsk skriftspråk som kunne vere i staden for språket dansken under unionstida hadde ført med seg.

Prosjektet innebar å skape eit skriftspråk kor innbyggjarane i Noreg skulle få båe skrive og preike eit språk som var vårt eige, og han vona å gje den norske befolkninga meir makt ved å få moglegheita til å utrykkje seg meir fritt. Ifylgje Ivar Aasen var ikkje språket berre eit spørsmål om ei endring av grammatikk, det var mest av alt eit spørsmål om demokrati. Resultatet blei skriftspråket «landsmål», seinare kalla nynorsk. Mykje har endra seg sidan Ivar Aasen vandra rundt om i landet og lytta til folks talemål for å skape eit skriftspråk. Er nynorsk framleis viktig for demokratiet i Noreg i dag?

Det er gjennom språket vårt at vi kan gje utrykk for og formidle meiningane våre, kjensler og tankane våre. Ivar Aasen meinte at språket er ein viktig eigenskap hos menneske, som er heilt naudsynt for å kunne medverke og delta i samfunnet. I 1885 jamstilte Stortinget nynorsk og bokmål, og det gjorde Noreg til eit kultur- og språkpolitisk, moderne land (Sandal, 2013). Mange, mellom anna Noregs Mållag, meiner det er svært viktig at Noreg tek vare på dei to skriftspråka vi har. Språk er ikkje berre nokre bokstavar på eit ark eller i ei bok. Språk inneber så mykje meir. Det dreie seg om identitet, sjølvbevisstheit og demokrati. Språket vårt omfattar retten til å verte høyrt og retten til å kunne delta i samfunnet (Nyhus, 2013).

På den andre sida påstod også Ivar Aasen at i eit demokrati må ein ta omsyn til fleirtalet. Ivar Aasen reiste kringom i Noreg på 1840-talet og samla inn dialektar. Dette var ei tid kor bønder hadde eit talemål langt ifrå dansk, og dei var majoriteten i Noreg. Han meinte at det var dette språket, «folkespråket», som måtte vere utgangspunktet for det nye skriftspråket til den nye nasjonen Noreg (Nyhus & Tørdal, 2013). I eit demokrati må ein ta omsyn til fleirtalet, hevda han. Dersom me skal sjå det frå perspektivet til Ivar Aasen kan vi seie at vi bør legge fokuset på bokmål, og på den måten tek vi omsyn til fleirtalet. Viss vi ser på skriftspråket til befolkninga i Noreg i dag, ser vi at bokmål er heilt klart den dominerande målforma i Noreg, sjølv om nynorsk framleis har ein sterk posisjon på Vestlandet.

Noreg er eit demokrati, og det tyder at befolkninga i Noreg er med på å styre politikken gjennom å røyste ved Stortingsval, fylkesval og kommunestyreval. Det partiet eller dei partia som får flest røyster ved vala, får flest representantar på Stortinget, fylkestinget og i kommunestyret. På denne måten er det fleirtalet som avgjer og bestemmer. Men eit viktig prinsipp er også at fleirtalet skal ta omsyn til mengingane til mindretalet når dei utarbeider politikken. Språk og demokrati er framleis to sider av same sak, og på den måten må det halde fram med å vere. Det er ein stor styrke å vere språkleg trygg når ein skal utrykkje seg politisk og elles i samfunnet. Det er ein demokratisk styrke.

Når det gjeld kva eg meiner, meiner eg at det viktig få fram at nynorsk framleis er viktig for demokratiet. Vi må halde fram med å auke den språklege toleransen og respekten for vi har for nynorsk. Det å syne respekt for verdien av nynorsk viser at vi også respekterer og veit kva det vil seie å leve i eit fleirspråkleg samfunn. Ingen skal vere hindra i å ta del av i samfunnet grunna språket deira. Vi bruker språket til å formidle våre tankar og meiningar, og med det er nynorsk framleis viktig for demokratiet. Slik vonar eg det held fram med å vere.

Kjelder:

 

av Lauritsen, Vibeke, publisert 2. januar 2018 | Skriv ut siden