I samband med at Nynorskstafetten kom til Kristiansand i samband med Språkåret, var lagsmøtet i Mållaget om kvelden siste post på programmet for dagen. 

Pre-IB på KKG hadde tidlegare på dagen hatt besøk av leiar i Målungdommen, Vebjørn Sture og saman med 3IBA var dei til stades på arrangementet på Mållaget om kvelden. 

Me var så heldige å ha fått Ottar Grepstad, forfattar og direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta, til å kome hit og halde foredrag. Tittelen på foredraget var: "Språksansen - ei forteljing om nynorsk og all verdas språk". Det var ei svært kunnskapsrik og interessant språkreise han tok oss med på som vi kan bruke i samband med læreplanmål i norskfaget på IB.

Han kom også inn på at det er skriftspråket som er ei oppfinning, ikkje talespråket. Sjølv om nynorsk er eit lite språk i verdssamanheng, så er det ikkje blant dei truga språka. Det er eit nasjonalspråk med ein rik og brei skriftkultur.

Grepstad har det siste året gjeve ut to bøker som er vel verd å lese:Historia om Ivar Aasen og Språksansen.Kalender om all verdas språk. Båe bøkene er gjeve ut på Samlaget

Grepstad var hovudattraksjonen denne kvelden, men sidan det var markering av Nynorskstafetten i Kristiansand, var Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, også til stades. Han hadde eit innlegg om opplegget og reisa i Aasens fotspor, og han framheva kor interessant det hadde vore på skulebesøka i Kristiansand same dagen, der han var på Møvig ungdomsskole, Kristiansand katedralskole Gimle og på Karuss ungdomsskole. Midt på dagen var det stand på UiA saman med studentmållaget.

På KKG hadde han møtt svært engasjerte elevar. Desse elevane møtte også fram i Mållaget om kvelden saman med den utruleg dyktige og inspirerande læraren deira, Vibeke Lauritsen.

 

Alt i alt ein svært triveleg kveld, ikkje minst takka vere det musikalske innslaget ved Pål Rake, ung musikklærar ved UiA og deltakar i The Voice på TV2.

Han spelte piano og song med stor innleving både eigne songar og tekster laga av andre. Han er ein dyktig musikar som både dei unge og eldre såg ut til å setje stor pris på.

Det meste av artikkelen er skrive av Solveig Lima, Mållaget i Kristiansand (http://www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand/index.cfm?id=789)

av Lauritsen, Vibeke, publisert 11. oktober 2013 | Skriv ut siden