Elevane i Pre-IB og Norwegian A HL Langauge and Literature besøkte Mållaget i Kristiansand da forfattar og historikar Aina Basso var på besøk.

AinaBasso2AinaBasso3


 

Teksten under er frå nettsida til Mållaget i Kristiansand

http://www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand/index.cfm?id=885

"Makt og avmakt: Fortidas kvinnelege forbrytarar".

 

Aina Basso gav oss eit inspirerande og godt føredrag denne tysdagskvelden. Ein entusiastisk lærar frå KKG hadde med seg mellom 20 og 30 ungdomar, noko som gav eit fint publikum i salen. Både ungdom og vaksne kan ha stort utbytte av å lese bøkene hennar.

Aina Basso gjer eit grundig førearbeid med bøkene. Menneskeskildringane er gode, og ein trur på det som vert fortalt. Livsvilkåra til personane hennar er svært dårlege, men i alle bøkene er det visjonar om lys og livsglede, sjølv under dei verste tilhøve.

Alle bøkene hennar tek difor utgangspunkt i noko som verkeleg har hendt. Gjennom lesing av rettsprotokollar og kyrkjebøker frå 1600- og fram til 1900-talet såg ho kor mykje urett som var gjort mot dei var nederst i samfunnet.

I arbeidet med masteroppgåva i historie på NTNU såg ho på ni ulike rettssaker frå 1730-talet. Alle dreide seg om blodskam, og boka Ingen må vite frå 2008 byggjer på desse rettssakene.

I Trondheim budde ho i nærleiken av staden der tukthuset liggg, og ho såg føre seg menneska som gjekk i dei same gatene for fleire hundre år sidan. Var dei så mykje annleis enn oss? I Fange 59. Taterpige vert hovudpersonen Maria sett inn på tukthuset berre for at ho var tater,  og her er handlinga lagt til midt på 1700-talet i Trondheim.

Behandlinga av romanifolket i Noreg gjorde henne opprørt, og i Finne ly er handlinga lagt til Finnskogen på 1850-talet. Her er det to hovudpersonar: Hanna, som høyrer til dei reisande, og Johannes, son til ein småbrukar. Vi får såleis sjå livet frå båe sider, frå taterjenta sitt synspunkt og frå dei fastbuande.

Slekta til Aina Basso på farssida er frå Vardøtraktene, og i dette området vart mange trollkvinner brent frå 1580 til 1630. Til og med unge jenter vart dømt til bålet. Den siste boka hennar Inn i elden (2014) byggjer på rettsprotokollar frå denne tida. Her skiftar synspunkta mellom Elen, dotter til ei "klok kone", og overklassejenta Dorothe frå København som blir gift med futen i Vardø. Denne boka vert i desse dagar utgjeven på fransk og på dansk!

 

av Lauritsen, Vibeke, publisert 23. november 2015 | Skriv ut siden