På grunn av store mengder regn, blei det ikkje overnatting på Bragdøya som vanleg. Men det var ikkje snakk om å avlyse turen, så det blei overnatting på skolen i stadenfor. 3IBA hadde laga eit veldig flott opplegg med ballongkonkurranse, quiz og aktivitetsløype, og dei laga tacos til middag. 

Sjølv om nokon murra litt da vi tok avgjerda om å bruke skolen, var dei fleste glade for både lys, varme, toalett og at dei sleppte å vakne opp blaute i ein lavvo. Og dei fleste fekk seg nokre timar med sømn også. 

Og på bildet ser vi vinnarlaget på quizen!

av Lauritsen, Vibeke, publisert 9. desember 2013 | Skriv ut siden