NM for filosofi blei første gong arrangert i 2007, og konkurransen fungerer som kvalifisering for deltaking i OL i filosofi. 465 elevar deltok i første runde av året NM i filosofi, og ein av dei som har gått vidare til NM-finalen er Jakob Jarnes i 3iba.

Neste runde er 30. mars i Oslo, og her skal to elevar frå Noreg bli kvalifisert til å delta i filosofiolympiaden som går i Rotterdam i Nederland 25.-28. mai 2017.

Vi ønskjer Jakob lukke til med NM-finalen!

av Lauritsen, Vibeke, publisert 21. november 2016 | Skriv ut siden