Peter Dougherty frå 3IBA har som ein av 5 elevar på vidaregåande skole i Noreg klart å kvalifisere seg til Fysikk-OL i India i juli!

Peter deltok i den nasjonale finalen i Oslo i mars. Etter ei vekes fysikkurs der deltakarane mellom anna lærte ein del fysikk som var utanfor pensum på vidaregåande skole, fekk omvisning og instruksjon i labutstyr på Universitetet i Oslo, var det finale.

Peter gjorde det akkurat bra nok til å kvalifisere seg for Fysikk-OL i India i sommar.

Her er oppgåvene i finalen: http://www.mn.uio.no/fysikk/forskning/grupper/skolelab/fysikk-ol/finale2015.pdf

Vi gratulerer og ønskjer god tur til India!

 

av Lauritsen, Vibeke, publisert 21. april 2015 | Skriv ut siden