4 elevar frå 2IBA reiser til Kalmar i Sverige 23.-25. mars for å delta på eit nordisk FN-rollespel saman med 300 andre elevar og studentar i alderen 17-25 år. Spente og engasjerte elevar før avreise til Kalmar er Mathias Sandø Hartveit, Mia Blakstad, Solveig Mujkic og Inger Jacobsen Fotland. Vibeke Lauritsen reiser saman med elevane.

Sverige A
 Deltakarane skal spele rolla som diplomatar frå ulike land representerte i FN. Emnet er klima og situasjonen i Sudan. Fram til avreise har deltakarane pugga fakta om landet dei skal representere, sett seg inn dei politiske standpunkta til landet, skrive opningstale, laga utkast til resolusjonar og sett seg inn i reglane for spelet. Dei skal no lære meir om korleis arbeidet går føre seg i FNs nasjonalforsamling; om dei politiske diskusjonane og lobbyarbeidet.

av Lauritsen, Vibeke, publisert 24. september 2013 | Skriv ut siden