For 6. gong har elevar i Pre-IB levert blant dei tre beste oppgåvene i Eilert Sundt-prisen. Mats Bryn Bruskeland, Marianne Haraldstad, Helene Nyhus Eikebrokk og Caroline Dyrnes har skrive oppgåve om vilje til å gi pengar til tiggarar. Vibeke Lauritsen har vore rettleiar.

Vi gratulerer!

Tysdag 9. mai var det prisutdeling på UiA. Elevar ved Drottningborg videregående tok dei to første plassane, men elevane i Pre-IB imponerte nok ein gong med gode oppgåver. 68 prosjekt frå meir enn 250 elevar frå vidaregåande skolar i Agder blei levert til konkurransen.

3. prisen er på 3000 kr, og oppgåva blir publisert på nettsidene til Eilert Sundt-prisen: http://www.uia.no/om-uia/fakultet/fakultet-for-samfunnsvitenskap/eilert-sundt-prisen

Skolen har ein eigen monter for Eilert Sundt-prisen, så no får vi nok eit diplom i samlinga!

av Lauritsen, Vibeke, publisert 16. mai 2017 | Skriv ut siden