For 5. gong har elevar i Pre-IB levert blant dei tre beste oppgåvene i Eilert Sundt-prisen!
Mirjana Ristic, Hannah Nygaard, Andjelika Pejic og Sara Honarmandi har skrive oppgåve om kjønnsroller på Sørlandet.
Arne Bakken har vore rettleiar.
Vi gratulerer!

Torsdag 28. april var det pristudeling på UiA, og stortingsrepresentant Kari Henriksen sto for det offisielle overleveringa av prisane.

Elevar i vg2 og vg3 ved Dahlske i Grimstad tok dei to første plassane, men elevane i Pre-IB imponerte nok ein gong med gode oppgåver der den beste av dei handla om haldningar og fordommar i forold til likestilling på Sørlandet.

3. prisen er på 3000 kr, og oppgåva blir publisert på nettsidene til Eilert Sundt-prisen: http://www.uia.no/om-uia/fakultet/fakultet-for-samfunnsvitenskap/eilert-sundt-prisen

 

Sjå bildegalleri frå utdelinga og maten under.

 

 

 

 

 

 

 

av Lauritsen, Vibeke, publisert 2. mai 2016 | Skriv ut siden