Temaet for klassebildet for 2014-16 kullet var bryllaup.
Klassen spelte rolla som brurepar, forlovarar. familie, vennar, bandmedlemmar og ein av dei som ikkje var invitert men, berre liker å gå i bryllaup.

"Brureparet" var Elin Hunstad og Kristoffer Klausen, og forlovarar under "vigselsseremonien" var Vestein Lauritsen og Veslemøy Mørkestøl. IB-koordinator og kontaktlærar Vibeke Lauritsen var vigslar (noko ho formelt faktisk er).

"Seremonien" føregjekk i gongen utanfor klasserommet, paret ga kvarandre sitt ja og ringar blei utveksla. Bryllaupsfesten heldt fram med vanleg undervisning etter fotoshooten....

VigselVigsel2

Vigsel3Vigsel4

av Lauritsen, Vibeke, publisert 19. mars 2015 | Skriv ut siden