Du veit du går på Pre-IB når du har ein og ein halv time på ei samfunnsfagsprøve, og dei fleste elevane skriv omtrent 1500 ord. Dette kan høyrast sprøtt ut for dei fleste elevar, men til vårt forsvar var fingrane våre stive av den låge temperaturen i rommet. Hadde det vore varmare, hadde me nok skrive 2000 ord kvar, minst. Slik er det når du går i ein klasse der dei fleste elevane har eit nærare forhold til favorittlærarane sine enn til sine eigne foreldre, og me i staden for å surfe på nettet i fritida løyser likningar med fem ukjente og teiknar kvadratiske funksjonar på kalkulatoren (som forresten er alle saman sin favoritt av alle elektroniske dupedittar), samtidig som me skriv ei utdjupande tolking av heilskapen til alle Shakespeare sine verk – alt saman medan me halvvegs søv.

Eg legg ofte merke til at andre elevar kallar oss for «nerdar» når dei trur at me ikkje kan høyre dei (me har forresten utvikla særdeles god høyrsel, så ikkje prøv deg). Omgrepet «nerd» stemmer ganske godt viss det dei meiner med det er Nervøs Engsteleg Rar Daddelelskar (kven elskar ikkje dadlar?). Eg har aldri høyrt nokon annan bruk av ordet. Me er jo ganske engstelege – eller i kvart fall slik andre anvender det ordet. Me tenkjer nemleg konstant på matteprøva neste dag, eller essayet som me ikkje har byrja på endå. Det høyrast kanskje ille ut å måtte gjere lekser heile dagen, og til å byrje med er det det, men etter ein månad eller to vert ein vant til det. Stresset vert som ein ven som ein nærmast ikkje kan klare seg utan, og når det ein sjeldan gong ikkje er nokre lekser å gjere eller ei prøve å øve til, finn me berre på nokre ting me kan gjere, som å organisere ei omfattande engelskprøve for heile klassen, eller eit naturfagsforsøk som me skal skrive ein femsiders rapport om til neste dag. Det vert aldri mangel på ting å gjere i ferien.

Du trur kanskje at det vert lite tid til overs for venar når ein berre gjer lekser. Frykt ikkje – det finst ei løysing. Kort tid etter å ha omfamna stresset, utviklar du ei evne til å kommunisere telepatisk med andre som har den same evna. Slik kan du gjere norskleksa heime hos deg sjølv medan du snakkar om dei siste oppdagingane innanfor kvantefysikk med ein medelev. Dette er nok ikkje mogleg å anvende i samtalar med folk flest, men dei som ikkje er ein del av IB-systemet er det uansett ikkje verdt å ha som ven.

Blant elevar i andre klassar er det mange som ikkje ser ut til å forstå forskjellen på Pre-IB og ordentleg IB. Teknisk sett er Pre-IB ei form for studiespesialisering. Det fulle namnet er «studiespesialisering med fokus på internasjonalisering», som eigentleg berre ein fin måte å seie «den linja for folk som er litt smartare enn dei fleste». I tillegg har me undervisning på engelsk i matte og naturfag. Anna enn i dei timane, bruker me vanlegvis eit eigeutvikla språk som er ein kombinasjon av norsk, engelsk, fransk, spansk, tysk, mandarin, russisk, esperanto, gresk og latin, og som i tillegg har eit par slangord frå søramerikanske stammespråk. Dei fleste av oss snakkar det betre enn sitt eige morsmål, og bruker det til kommunikasjon så ofte som mogleg.

Eg skulle gjerne ha prata meir, men eg må nok dessverre byrje på novelleanalysen som skal leverast om tre timar. Eg skal berre skrive 1200 ord, så eg har ganske god tid til å sjå etter eventuelle skrivefeil. Men inntil neste gong kan eg seie at dersom du er ein intelligent person som ikkje liker folk, fysisk bevegelse eller nattesøvn, så er Pre-IB absolutt linja for deg.

Jon Wallem Anundsen

av Lauritsen, Vibeke, publisert 5. desember 2013 | Skriv ut siden