Åtvaring: Eg har ingen sans for humor … førebels …

Å vere elev på Pre-IB

«Å NEI! VI HAR NETTOPP FÅTT EI NY NORSKOPPGÅVE MED TUSEN ORD SOM VI MÅ FORKLARE, OG VI HAR ATTPÅTIL EI FRAMFØRING I ENGELSK, GEOGRAFILEKSE, SAMFUNNSFAGLEKSE OG MATTELEKSE SOM VI OGSÅ MÅ GJERE! KORLEIS SKAL VI REKKE ALT DETTE?!» er noko som ein ofte høyrer hos elevar som går på vanleg studiespesialisering. På Pre-IB derimot, jublar vi høgt av begeistring kvar gong vi får ei ny oppgåve som vi må gjere og enda høgare når vi ser den vesle oransje prikken ved sidan av eit fag på It’s Learning som betyr at vi moglegvis har fått retta ei av oppgåvene vi tidlegare har levert. Vi sukkar av misnøye viss karakteren er under maksimum og riv oss frustrert i håret viss vi ser at årsaka er små feil (som forresten blei ubevisst gjort under det store kappløpet om nattesøvn).

Du går kanskje rundt omkring i full forvirring, og anar ikkje kva Pre-IB er for noko, og kvifor det er livsnødvendig at du vel den linja til neste år? Frykt ikkje! Eg har med denne teksten påteke meg ansvaret å opplyse (og sjølvsagt også omvende) deg.

Eg kan starte med å nemne det openberre: Pre-IB (Pretend-IB) er ei førebuing til Real-IB. Det er meininga at denne linja skal førebu oss på dei to neste åra med hel … eg meiner, rein glede! Vi skal få eit meir realistisk syn på kva som ventar oss til neste år, når vi sjølvsagt søkjer IB – som forresten står for «Intense Brainwash» (eller var det Brainwork? Eg gløymer det alltid!).

Vi har både naturfag- og matteundervisinga vår på engelsk. Eller, det er meininga at timane skal føregå på engelsk, men likevel endar lærarane oftast opp med å snakke norsk mesteparten av tida. Ikkje at det er noko problem. Grunnen til dette er at vi skal ha alle faga (utanom språkfaga) på engelsk til neste år. I tillegg må vi ha TOK (Theory Of Knowledge, alle IB-elevar sitt favorittfag), CAS (Creativity, Activity and Service – designa for å gjere det umogleg å få nok tid til å gjere heimelekser) og “Extended Essay” (som er omtrent det same som den norske særoppgåva, berre med eit meir fancy og tiltrekkjande namn).

Det flotte med Pre-IB er kor frelsande det er. Det går eit lys opp for deg. Før du anar ordet av det både skriv du nynorsk og pratar overklasse-engelsk. Og det samtidig! For ein fantastisk kombinasjon! Elevane i klassen er veldig engasjerte og ufatteleg intelligente (ein skulle trudd dei satt heime og las Allkunne på fritida, dei er jo nærmast vandrande leksikon!)

Så kvifor skal du velje Pre-IB (eller «Studiespesialisering med Internasjonalisering» som nokon av ein eller annan underleg grunn har valt å kalle linja, berre for å komplisere ting ytterlegare)? Enkelt. For det fyrste, er det obligatorisk for å seinare overleve IB. For det andre er det ein god måte å torturere deg sjølv (og dine lærarar) på. Er du glad i å pugge? Då er Pre-IB verkeleg tingen for deg! Ved å velje Pretend-IB, får ein også sjansen til å forbetre ferdigheitene i engelsk viss ein planlegg å fortsetje med Intense Brainwash vidare. I tillegg får ein høve til å stifte mange kjennskap som ein kan lide, eg meiner, hyggje seg saman med dei neste to åra. Dessutan er Pre-IB eit flott val viss ein ynskjer å teste korleis den sjeldne sjukdomen «It’s Learning-avhengnad» faktisk artar seg. Heilt klart verdt det med andre ord.

Berina Jaganjac

av Lauritsen, Vibeke, publisert 1. desember 2013 | Skriv ut siden