3 oppgåver er i finalen, og ei av oppgåvene er skrive av tre elevar ved KKG; Sjehed Al Gashamy, Mats Sveindal, Sigrid Linnerud i 1sti (Pre-IB). Dei har skrive oppgåve med tittelen ”Ikkje-vestlege innvandrarar på den norske arbeidsmarknaden”. Rektor Eva Bergh informerte mandag klasse 1sti om at tre elevar har kome til finalen i Eilert Sundt-prisen

Eilert Sundt Jury A

Juryen i arbeid på KKG fredag 18.03:
Gunnhild Hagestad, professor UiA, i midten, Alf Holmelid, Stortingspolitikar SV og Vibeke Lauritsen, lektor KKG og medlem av samarbeidsutvalet for Eilert Sundt-prisen

Eilert Sundt-prisen skal bli delt ut for første gong i våren 2011. Målgruppa for prisen er elevar i vidaregåande skolar på Agder. Den overordna måsetjinga er å etablere eit tettare samarbeid mellom Universitetet i Agder og dei vidaregåande skolane.

Vi håper å oppnå:

  • ”Økt fokus på samfunnsfaglige problemstillinger i regionen
  • Økt kompetanseoverføring mellom de ulike undervisningsinstitusjonene
  • Økt samfunnsengasjement blant ungdom
  • Økt fokus på forskning og høyere utdanning”

Eilert Sundt Jury B

Juryen har vurdert 47 gruppeoppgåver levert av tilsaman heile 162 elevar frå dei vidaregåande skolane i Aust- og Vest-Agder. Premien er 10 000 , 5000 og 3000 kr. Prisen vil bli utdelt på fylkestinget i april av forsknings- og høgare utdanningsministar Tora Aasland.


Tekst: Vibeke Lauritsen
Foto: Morten Morell

av Morell, Morten, publisert 20. mars 2011 | Skriv ut siden