Heile 800 elevar frå 10 vidaregåande skolar på Agder deltok på fagdagen på UiA 25.11. i samband med den nyoppretta Eilert Sundt-prisen. Det er ein ungdomsforskningspris frå Universitetet i Agder. Frå KKG deltok 200 elevar som har sosialkunnskap, sosiologi og sosialantropologi eller samfunnsfag.

Målet er å gi auka samfunnsengasjement blant ungdom, auka fokus på forskning og høgare utdanning, auka kompetanseoverføring mellom undervisningsinstitusjonane og auka fokus på samfunnsfaglege problemstillingar i regionen.

Dei som skal delta i konkurransen må levere prosjektet sitt innan 01. mars. Dei som kan delta er i utgangspunktet elevar som tar samfunnsfag programfag på vg2 og vg3. Forskningsminister Tora Aasland skal stå for prisutdelinga på eit fylkesting i slutten av vårsemesteret saman med rektor på UiA og fylkesordføraren.
Tekst: Vibeke Lauritsen
Eilert 2Eilert 3


av Lauritsen, Vibeke, publisert 3. desember 2010 | Skriv ut siden