24 elevar frå KKG deltok på mini-Stortinget som blei arrangert for fjerde gong på Vågsbygd vgs 18.-20.mars. miniStortinget er eit politisk rollespel med elevar frå vidaregåande skolar i Aust- og Vest-Agder. Deltakarane speler stortingsrepresentantar i tre dagar.


Samlebilde på trappaHer er halvparten av våre "stortingspolitikarar" samla på trappa utanfor Vågsbygd videregående skole, like før dei hastar inn til gruppemøte.
8-Rektor (2)Skolens rektor,Åse Lill Kimestad, ønskjer alle velkomen til årets arrangement.
Rollespelet er eit utruleg flott undervisningsopplegg i demokrati og politikk, og elevane har vore med på plenumsdebattar, trontale, trontaledebatt, spørjetime, voteringar, partileiardebatt på TV, partigrupppemøte og komitemøte. Dei fleste som deltar er vg3-elevar med politikk og menneskerettar som fag, men au elevar i sosialkunnskap og andre som er interesserte i politikk er med.
4-Statsminister Jørgen Buckner (3)     Statsminister Jørgen Buckner, Vågsbygd videregående skole.
5-Justisminister Kamilla Krohn KKG (3)Leiar av justiskomiteen, Kamilla Krohn,KKG
6-Utenriksminister Morten Werring (2)Utanriksminister, Morten Werring,KKG
9-Ine Marie Eriksen Søreide (2)Stortingspolitikar for Høgre, Ine Marie Søreide Eriksen
7-Primus motor Atle Oanes (2)Primus motor og hovudkoordinator for arrangementet, Atle Oanes.

miniStortinget vedtok mellom anna likelønnspott til kvinnedominerte yrke, utvida mulegheit for forsterdiagnostikk, utdeling av heroin til tunge rusmisbrukarar, auka drivstoffsavgift med 4 kr pr liter, tiltale Israel for brot på folkeretten og kjønnskvotering ved tildelinga av studieplassar.

Venstre gjekk overraskande for mange av deltakarane inn i regjeringa på miniStortingets siste dag og fekk to statsrådar. Opposisjonen (Krf, H og Frp) stilte mistillitsforslag, og etter ein lang debatt fall framlegget med 71 mot 79 røyster.

KKG hadde to parlamentariske leiarar; Bernhard Weigel for Frp og Jon I.B. Åsen for Venstre. I tillegg hadde vi fleire komiteleiarar.

10-Siri Vibeke Gunnar (2)Siri Einstabland, Vibeke Lauritsen og Gunnar Bech var imponert over elevanes innsats og det store og godt avvikla arrangementet.

Foto: Kari Nyutstumo
Tekst: Vibeke Lauritsen 

av Morell, Morten, publisert 20. mars 2009 | Skriv ut siden