Felix L. Hammond (15) i Pre-IB og Johannes Leidal (18) i 3iba har vunne skrivekonkurransen til Framtida, Falturiltu og Magasinett. Vi gratulerer!

Skrivekonkurranse om skjønnlitteratur; frå framtida.no skrive av Svein Olav B. Langåker

Her kan du lesa oppgåveteksten til skrivekonkurransen!

Juryen uttalar: Aldri før har så mange deltatt i skrivekonkurransane til Framtida.no og Magasinett før. Mange av dei 192 innsendte bidraga hadde eit høgt nivå. Til slutt stod ein igjen med to bidraga som ein kåra til vinnarar.

Bidraget til Johannes Leidal var sterkt språkleg, og formidla på god måte kor viktig skjønnlitteraturen er for språket vårt og dei bilda det kan skapa.

Bidraget til Felix L. Hammond greip oss sterkt og formidla kor viktig bøker kan vera for livet vårt.

Dei to vinnarane går begge på Kristiansand Katedralskole Gimle, og har blitt plukka ut blant rekordmange innsendte tekstar. Juryen fortel om eit høgt nivå blant mange av dei 192 innsendte bidraga. Til slutt valde juryen å dela førsteplassen på to vinnarar som får 1500 kroner kvar.

Johannes Leidal (18) er strålande nøgd med å vinna:

– Om eg er?! Eg som alltid har sett på meg sjølv som ein realfag-type, hadde aldri sett for meg eg skulle vinna ein skrivekonkurranse. Spesielt ikkje om skjønnlitteratur. Denne overraskinga gav meg god sjølvtillit i norskfaget, noko eg skal prøva å ha med meg heilt til eksamen, seier han til Framtida.no.

Elskar fantasy

Felix L. Hammond er takksam og overraska:

– Eg hadde aldri trudd at teksten min skulle vera blant dei to beste i konkurransen. Eg har aldri set på meg sjølv som ein spesielt god skrivar, så igjen, eg er veldig overraska, seier Hammond.

Han har alltid elska å lesa fantasybøker. Det er ein sjanger som han anten har fått høgtlesing i, eller har lese sjølv heile livet. I vinnarteksten skriv han at skjønnlitteraturen har vore som ein tredje forelder for han.

– Kva er den beste boka du har lese?

– Det er veldig vanskeleg å velja ein favorittbok sidan eg har vore ganske heldig med alle bøkane eg har lese. Favorittbøkene mine no er «Arven»-syklusen skrive av Christopher Paolini. Dette er bøkene eg nemnde i teksta mi. Eg meiner at desse bøkane har alt ein god fantasybok skal ha: eit interessant univers, troverdige og gjenkjennbare karakterar og ei spennande historie. «Arven»-syklusen gjer alle desse tinga utruleg godt, seier 15-åringen, som no går på pre-IB på Kristiansand Katedralskole Gimle.

Etter vidaregåande vil han studera økonomi eller juss.

Fekk oppgåve av læraren

Johannes Leidal fortel at det var norsklærar Vibeke Lauritsen som gav klassen i oppgåve å bli med på skrivekonkurransen.

– Så ho skal ha litt av æra for dette. Det er ikkje alltid så lett å finne noko å skrive om i sånne konkurransar, men denne kjente eg, heilt frå starten av, kunne verte god, seier Johannes Leidal, som samanliknar det å lesa med å sveva på ein rosa luftmadrass.

– Kva type bøker likar du å lese?

– Det fyrste eg tenker på er krim, og typisk tenåringsaction. Sånn var det før. Men som oppgåva mi tyder, er indre spenning og språklege bilete noko som fengjer meir no. Kva sjanger eg hadde gått for neste gong eg vel ei bok, tør eg ikkje seie.

– Kva er den beste boka du har lese?

– Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug trur eg er den som har gjort mest inntrykk. Etter den har eg båre på eit ynskje om å få slutt på urett mot urbefolkning og nedhogging av regnskogen. Boka vekte ein liten miljøaktivist i meg.

Får meistringskjensle av å skriva

– Synest du det er kjekt å skriva?

– Eg elskar det! Nesten like mykje som eg elskar matte, smiler Johannes Leidal, og held fram:

– Dei er to heilt forskjellige fag, men eg får same meistringskjensle av å løysa ei integrallikning som å dikta ein skikkeleg god metafor. Begge utfordrar meg til det ytste, men skrivinga let meg likevel få utslepp for ei kreativ side av meg som eg elles ikkje får lufta så ofte.

Etter IB skal han først på ski eit år i Frankrike og prøva å læra seg ein ny kultur og bli flytande i språket. Så går turen kanskje til England, kanskje Trondheim, og ingeniørstudiar innan fornybar energi.

av Lauritsen, Vibeke, publisert 14. oktober 2017 | Skriv ut siden